1: Val av møteleiar og referent: Embrik Rudningen
2: Innkalling og sakliste: Godkjent
3: Vedtektene lest opp av Embrik: Samrøystes vedteke utan endringar.
4: Årsmelding: Styret sitt forslag vart samrøystes vedteke.
5: Innspel til aktivitetsplan: Styret sitt forslag vart samrøystes vedteke. Årsmøtet oppmodar styret til kontakte Rotneim grendalag om evt felles plan eller enkeltarrangement.
6: Rekneskap ved Anne, delt ut og gjennomgått, revidert av Marit Øynebråten. Samrøystes godkjent.
7: Val:
Basarnemnd: Jorunn og Gro Anita attvald til basarnemnd. Treng ein ny person for opplæring. Styret må oppfordre folk til å melde seg og evt rekruttere nokon i god tid før basaren.
Valnemnd: Embrik, samrøystes
Husnemnd: Detlef, samrøystes attvald
Revisor: Marit, samrøystes attvald
Styret: Samrøystes attval på Cathrine, Anne og Tore. Embrik går ut av styret, Ingebjørg Roset samrøysets vald inn i styret. Ho tek på seg å vera oppførd som leiar i Brønnøysundregisteret, men styret held fram praksis med delt leiarskap.
8: Kontigentar: 100 for enkeltmedlem, 300 for familie.
9: Eventuelt:
Årsmøtet i Tuppeskogen vel ser med bekymring på situasjonen for mjuke trafikantar langs Tuppeskogvegen. Vegen er smal, har ikkje gatelys langs heile og det blir køyrd fort. Forslag om å setje ned farten frå høvesvis 50 og 60 til 40 og 50 og ha fartsdemparar der det no er 50. Som ein start skal styret yundersøkje med dei som allereie har gjort noko i denne saken.