ÅRSPLAN FOR 2011

MARS

Sundag 27.

Skirenn på Narveset. Det vil bli arrangert eit tradisjonelt 0-renn med spenning om kven som vil få neste napp i pokalen. Elles aking og pølsekos i eit forhåpentlegvis strålande ver.

MAI

Måndag 2.

Dugnad. Som vanleg vert det dugnad i mai. Me satser på ei skikkeleg vårreingjering både ute og inne, og unner oss til slutt ein kaffitår m/nogo attåt.

SEPTEMBER

Sundag 4.

Hausttur til Habbeset. Planen er å gå frå Habbeset til Veslestølen og Nystølen og deretter tilbake til utgangspunktet. Ragnar Haugstad vil stille som kjentmann, og me vonar at haustfargene verkeleg vil vise seg frå si finaste side denne dagen.

SEPTEMBER

Laurdag 24.

30 års jubileumsfest. Tuppeskogen Vel er 30 år i år, og dette er noko som må feirast! Me vonar mange vil vera med på å gjera denne kvelden til noko ein seint vil gløyma.

OKTOBER

Sundag 16.

Basar. Basaren er alltid ein stor suksess i velet. Med mange premiar, bra stemning og spennande trekninger er dette eit arrangement de ikkje må gå glipp av.

NOVEMBER

Sundag 27.

Juleverkstad med nissebesøk. Me satsar på ein koseleg familiedag, totalt fritt for julestress og mas. Det vert rikeleg med julehygge, servering av nissegraut og gang rundt juletreet.

FEBRUAR

Onsdag 1.

Årsmøte: Forumet der dei viktigaste avgjerdene i velet vert teke. Møt fram, vis engasjement og ver med på å gjera Tuppeskogen Vel til eit endå betre vel! Dessutan vert det triveleg samvær med kaffi og kake.

Skirenn sundag 27. mars

Sundag 27. mars 2011 kl 12:00 vert det skirenn på Narveset for store og små.

 

Det vert arrangert eit tradisjonelt, spanande 0-løp med høve til å få napp i den flotte vandrepokalen. De vil få servert grilla pølser og saft, og det vert høve til aking på rumpeakebrett for dei som ynskjer det.

 

Vegbeskriving: Køyr inn til Grønlio skulehus, ta av til venstre i krysset. Køyr til du ser gjengen frå Tuppeskogen Vel og Grethe som vil stå og steike lappar. J

 

Hugs bompengar, kr 40,- og rumpeakebrett!

 

Vel møtt!

 

Styret for Tuppeskogen Vel

Blir laga

No er me i ferd med å lage ei nettside for Tuppeskogen Vel her.

På sikt skal du her finne mykje meir informasjon om kva velet driv med. Informasjon om ulike festar og arrangement som frå før blir distribuert i postkassene og på oppslag skal samlast her.

Dessutan skal sida sjå både tøffare og finare ut etterkvart som me skjønar oss på alt.

På oppstartsdagen for denne sida er det derimot ingen ambisjonar om å lage ei side som blir oppdatert særleg oftare enn informasjonen uansett blir sendt ut med vanleg post.

Me kan likevel røpe at neste arrangement i regi av Tuppeskogen Vel etter alt å dømme blir eit skirenn. Det blir òg vårfest snart.