Årsmøte 2013

ÅRSMØTE – ONSDAG 06.02.2013 KL 19.00 TUPPESKOGEN GRENDAHUS

SAKER:

Årsmelding

Reknskap

Saker frå styret

Drøfte aktivitetsnivået i velet – kva vil me med velet vårt i framtida – kva type aktivitetar er verdt å satse på? Og kor motivert er medlemmane til å bidra?

Dei ulike nemdene våre.

Innkomne saker (styret må veta desse innan 1 februar).

Eventuelt

Valg – ved valgkomiten

Tuppeskogen Klapp

I statuttene for Tuppeskogen Klapp heiter det:

Tuppeskogen Klapp skal vere ei oppmuntring til ungdom under 25 år som har utmerka seg innan idrett, kultur eller i humanitært arbeid. Det kan også vere aktuelt å tildele Tuppeskogen Klapp til personar over 25 år, dersom det er særlege grunnar for det.

Kr 15oo,- kan kvart år bli brukt til slikt føremål.

Kandidatane skal kome frå Tuppeskogen Vel sine medlemmar.

Alle medlemmane frå Tuppeskogen Vel kan kome med forslag på kandidatar.

Styret i grendalaget avgjer kven som kvart år får utmerkinga. Offentleggjeringa skjer i samband med Årsmøtet. Dersom styret ikkje finn kandidatane kvalifisert, blir pengane heller ikkje utbetalt.

Forslag til aktivitetar, Tuppeskogen Klapp eller anna som skal opp på Årsmøtet må meldast til kontaktperson Nina Stensgård innan 1 februar!

Dei som er på val og som ikkje ynskjer attval må gje beskjed til valnemda ved Randi Søgnen 970 62 259 innan 1 februar.

 Det vert servert kaffi og bløtkake 

Styret i Tuppeskogen Vel v/ Nina Stensgård 23.01.13

Ingen vinnar

Sundag 11. mars hadde Tuppeskogen Vel og Rotneim grendalag felles skirenn på Narveset.

Tradisjonen tru vart rennet avvikla som null-løp. Rundt 20 deltakarar var med i år, 2012.

Datamaskina som skulle rekne ut differansane mellom rundetidene gjekk tom for straum halvvegs. Men det var ingen fare – penn og papir vart teke fram og tok over. Planen var at vinnaren skulle kunngjerast på denne sida når datamaskina var i drift att og hadde resultlista klar.

Dessverre viser det seg at dei fyrste rundetidene ikkje vart lagra på denne maskina gjennom straumbrotet. Og på papirblokka står berre rundetid nummer to.

Det ser altså ut som det ikkje blir nokon vinnar av skirennet i år. Tidtakarsjefen lovar til gjengjeld eit bombesikkert opplegg neste år.

Årsplan 2012

FELLES AKTIVITETSPLAN FOR

ROTNEIM GRENDALAG OG TUPPESKOGEN VEL 2012/2013

 

Mars

Søndag 11

Skirenn (0- løp) på stølen til Rudningen

( Narveset) kl 12. Premiering

Mulighet for grilling for dei som vil. Ta med eigen grillmat! Servering av kaker og kaffi/te

 

April

Lørdag 28

Vårfest – servering av mat og dans til levande musikk

Mai

Torsdag 3

Dugnad ute og inne på Tuppeskogen grendahus – kun for Tuppeskogen

Juni

Lørdag 23

St. Hansfeiring på Roen Kl 18. Ta med stol og det du ynskjer å ete/grille, ei kake til felles kakebord og ein gevinst til utlodning. Natursti og bål.

September

Torsdag 6

Fisketur for barn med følgje.

September

Søndag 16

Hausttur – for vaksne/større barn. Turmål ikkje avklart endå.

Oktober

Søndag 14

Grendakafe i Rotneim Grendasal Kl 13-15. Foredrag med lokalt innhald

Oktober

Søndag 21

Basar på Tuppeskogen. Småmat, åresalg og trekning av basarlister samt aktiviteter for barna. Inntektene går til Tuppeskogen Vel

Oktober

Søndag 28

Filmkveld i Rotneim Grendasal Kl 18

Popcorn og brus til barna

November

Fredag 30

Aktivitetskveld med nissegraut

Kl 16-19. Snikkerverkstad, formingsaktivitetar og baking

Desember

Søndag 2

Julegrantenning på Rotneim. Me møtast i grendasalen etterpå. Kvar enkelt tek med seg kaffe og noko å bite i

Desember

Søndag 28

Juletrefest i Rotneim Grendasal Kl 16

Kun for Rotneim grendalag pga plassmangel!!

2013

Januar

Søndag 20

Filmkveld i Rotneim Grendasal Kl 18

Popcorn og brus til barna

Februar

Onsdag 6

Årsmøte Tuppeskogen Vel

Kl 19.30

Februar

Måndag 11

Årsmøte Rotneim Grendalag

Kl 19.30

For nokre av arrangementa vil det kome utfyllande informasjon i postkassene. Har du mail adresse som denne informasjonen heller kan bli sendt til, vil me gjerne ha den.

For Rotneim sine medlemmar – idb71@c2i.net

For Tuppeskogen sine medlemmar – nina.stensgard@hotmail.com

Ta gjerne kontakt om det er noko du lurar på!

Ingun: 955 44 514

Nina: 970 62 219