Innkalling til årsmøte i Tuppeskogen vel 20.02.2025 kl.19.30
SAKER:
- Årsmelding (Utkast lengre ned)
- Rekneskap
- Vedtekter
- Innspel til aktivitetsplan for 2025. Styret sitt forslag:
Dugnad 8.mai kl. 17, (Sjekke opp mot evt. Konfirmasjonar.)
Trimbingo 4.mai og 7.september
Basar 13. oktober kl 13.
Strikkekveld 5. 12. 19. november kl 18.30 (f.eks)
Juleverkstad 30. november kl 17.
- Val. Val av nytt styremedlem.
- Eventuelt:
Kjøpe sitjegrassklipper til vedlikehald av fotbalbanen og rund grendahuset.
Prisliste for utleie – avtale om vasking (evt. Straffegebyr ved dårlig vasking).
Kjøpe bålpanne til å ha oppe ved fotballbanen.
Som vedtekene seier kan årsmøtet behandle alle saker også utanom saklista,
dersom 3/4 av dei frammøtte krev det.
Det blir servert kaffi og kake.
Det er fint om dei som kan tenke seg eit verv, vil vere med å organisere dei ulike arrangementa eller ynsjer å bidra på andre måter gjer beskjed til styret. Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i nemnder, må gje beskjed til nokon i styret innan 10.2.
Håpar me sjast!
Helsing styret i Tuppeskogen Vel
Anne Åsarmoen Tlf. 99361829
Tore Smedstad Tlf. 91121846
Cathrine Helene Myhre Tlf. 46195553
Ingebjørg Roset Tlf. 47848242
Styret sitt utkast til årsmelding:
Det er 53 vaksne, 22 barn og 6 støttemedlemar på medlemslista.
Huset har vore leigd ut 13 gonger mot betaling. Det har og vorte nytta til 4H arrangement og nokre møter gratis. To lagerboder er ledige og utleigeleilegheiten er leigde ut.
Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.
Fotballbanen har vore i noko organisert bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og ryddet forefallende.
Det var dugnad i mai. Vasking og rydding av forefallende ute og inne. Bra oppmøte frå fleire generasjonar, vafflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi vere reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar. Men gode tilbakemeldingar frå deltakarane gjer at med sett opp to nye runder dette året. Strikkekveld vart arrangert 3 kveldar i haust. Året vart av slutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.