Utrag frå årsmøtereferat 23.2.2022 Tuppeskogen Vel på Grendahuset
Møteleiar Embrik, referent Tore.
Sak 1: Årsmelding samrøystes vedteke.
Sak 2: Rekneskap ved Anne. Det er høge straumutgifter. Brøyting ynskjer me å høyre om kommunen vil dele med oss. Må overføre midlar frå sparekonto til driftskonto. Me etterfakturer lagerleie for 2020, 2021 og 2022. Me varslar 12,9 % auke i årisen frå 1.3.22, tilsvarande konsumprisindeks i perioden jan 17 til jan 22. Rekneskapen vart samrøystes vedteke.
Sak 3: Revidering av vedteker og registrering i Brønnøysund. Årsmøtet gir styret mandat til å etablere organisasjonsnummer og revidere vedtektene frå 1981 til dagens drift og vår sedvane/praksis. I tillegg sjå mot genrelle forslag til vedtekter frivillig lag og foreining. Samrøystes vedteke.
Sak 4: Innspel til aktivitetsplan for 2022. Basar, dugnad, juleverkstad, påsketreff, st. Hans. Me kontaktar Rotneim for å høyre om samarbeid.
Sak 5: Plan for huset i framtida, dialog med kommunen. Bygd i 1922, teke i bruk i 2023.
Årsmøtet gir styret fullmakt til å hente inn informasjon frå kommunen og inngå mest mogleg langsiktig avtale. Samt drøfte straumutgiftene som er høge. Samrøystes vedteke.
Sak 6: Ingen innkomne saker.
Sak 7: Val
Gunn Birgit Magnussen går ut av styret, Cathrine Helene Myhre samrøystes valt til nytt styremedlem. Basarnemnda jobbar vidare, samrøystes. Husnemnda også. Embrik valt til leiar mot Brønnøysund, Anne tek over som utleigeansvarleg.
Signert av alle dei frammøtte.