Referat
årsmøte Tuppeskogen Vel 10.2.2021
På
teams.
Seks
frammøtte.
SAKER:
-
Årsmelding
-
Rekneskap
-
Innspel
til aktivitetsplan for 2021
-
Eventuelle
innkomne saker
-
Val
1.
Årsmelding
Styret
sitt forslag som òg var lagt med innkallinga vart einstemmig
godkjent
2.
Rekneskap.
Kasserar
Anne Åsarmoen gjekk gjennom rekneskapen, som var revidert utan
merknader. Overskot 6708 kroner.
3.
Innspel til aktivitetsplan 2021
Årsmøtet
var samstemte i at det ikkje er freistande å lage planer no som alt
er så uvisst. Det vart samrøystes vedteke å arrangere dugnad
torsdag 29. april 17.00, og ha styremøte/medlemsmøte då for å
forhåpentlegvis lage aktivitetsplan der. Styret skal halde kontakt i
forkant av dugnad og invitere medlemmane i tråd med gjeldande
smittevernreglar då.
Innspel
frå årsmøtet: Vil gjerne ha aktivitetskveld/juleverkstad i
november. Og vil gjerne ha basar i oktober. Dersom det ikkje blir
mogleg med basar, gjerne eit utandørs treff.
4.
Eventuelle innkomne saker
Ingen
saker var meldt inn til styret i forkant. Detlef Kita fekk ordet på
vegner av husnemnda og orienterte om at alt er i god orden. Årsmøtet
takka Detlef kita for god innsats i 2020. Årsmøtet vedtok at me
vurderer å opprette dialog med Rotneim grendalag i samband med
aktivitetsplan på dugnaden i april.
5.
Val
Samtlege
styremedlemmar og medlemmar i nemnder og anna frå 2020 vart
samrøyste attvalde.
Styret:
Tore Smedstad
Styremedlem
Anne Åsarmoen Kasserar
Embrik Rudningen
Styremedlem og utleigeansvarleg
Gunn B. Magnussen
Styremedlem
Nemnder:
Basarnemnd: Gro Anita
Ødelien og Jorun Knaldre
Husnemnd: Detlef Kita og
Embrik Rudningen
Tilkalling til
kjøkkennemnd: Synnøve Sortebråten og Arnhild Dokken
Valnemnd: Styret
Revisor: Marit
Øynebråten