Årsmøte 2015

ÅRSMØTE – ONSDAG 04.02.2015 KL. 19.30 TUPPESKOGEN GRENDAHUS

SAKER:

  1. Årsmelding (foreløpig melding vedlagt)
  2. Reknskap
  3. Ny avtale med Gol kommune om vedlikehald av stigar
  4. Innspel til aktivitetsplan for 2015
  5. Innkomne saker (styret må veta desse innan 26. januar)
  6. Eventuelt – kort orientering om det er noko nytt med vår disposisjon av grendahuset
  7. Val
  8. Tuppeskogen Klapp

Det blir servert kaffi og blautkake.

I statuttane for Tuppeskogen Klapp heiter det:

  • Tuppeskogen Klapp skal vere ei oppmuntring til ungdom under 25 år som har utmerka seg innan idrett, kultur eller i humanitært arbeid. Det kan også vere aktuelt å tildele Tuppeskogen Klapp til personar over 25 år, dersom det er særlege grunnar for det.
  • Kr 15oo,- kan kvart år bli brukt til slikt føremål.
  • Kandidatane skal kome frå Tuppeskogen Vel sine medlemmar.
  • Alle medlemmane frå Tuppeskogen Vel kan kome med forslag på kandidatar.
  • Styret i grendalaget avgjer kven som kvart år får utmerkinga. Offentleggjeringa skjer i samband med årsmøtet. Dersom styret ikkje finn kandidatane kvalifisert, blir pengane heller ikkje utbetalt.

Forslag til Tuppeskogen Klapp eller saker som skal opp på årsmøtet må meldast til Ivar R. Haugstad innan 26. januar.

Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i styret eller nemnder må gje beskjed til Ivar R. Haugstad innan 26. januar. Det er ledig verv som ansvarlig for kjøkkennemnda, og det er mogleg å melde seg til teneste.

Solfesten på grendahuset for Rotneim og Tuppeskogen er planlagt 14. februar. Det er mogleg denne blir utsett til 7. mars. Meir informasjon kjem seinare.

Frå 15. januar kl. 19.00 er det springarkurs kvar torsdag på grendahuset. Instruktør er Tomas Stensgård.

For styret i Tuppeskogen Vel

Ivar R. Haugstad

e-post: Ivar.haugstad@domstol.no, mob.: 95977754

Filmkveld

Filmkveld
Søndag 9. november kl. 17.00 i grendasalen på Rotneim 

Filmen som blir vist er: Karsten og Petra på vinterferie. karsten og petra(Gratis inngang)

De to bestevennene reiser på hyttetur med Esther og morfar. Kosedyrene, frøken Kanin og Løveungen, er selvfølgelig med. I en hel uke skal de gå masse på ski og øve seg på å stå i nedoverbakke. Men Karsten er ikke så flink til å gå på ski og synes at bakken er litt skummel. På nabohytta bor Petter, han er både tøff og flink til å stå på ski. Karsten tror at Petra er mer opptatt av Petter enn av ham og bestemmer seg for å delta i et hopprenn – for å vise Petra at han er like flink som Petter

Det blir gratis popcorn og brus!!

VELKOMMEN!

Hilsen Rotneim Grendalag og Tuppeskogen vel!