Innkalling til årsmøte i Tuppeskogen vel 20.02.2025 kl.19.30 

Innkalling til årsmøte i Tuppeskogen vel 20.02.2025 kl.19.30 

SAKER: 

  1. Årsmelding (Utkast lengre ned
  2. Rekneskap 
  3. Vedtekter  
  4. Innspel til aktivitetsplan for 2025. Styret sitt forslag: 

Dugnad 8.mai kl. 17, (Sjekke opp mot evt. Konfirmasjonar.)

Trimbingo 4.mai og 7.september

Basar 13. oktober kl 13.

Strikkekveld 5. 12. 19. november kl 18.30 (f.eks)

Juleverkstad 30. november kl 17. 

  1. Val. Val av nytt styremedlem. 
  2. Eventuelt:

Kjøpe sitjegrassklipper til vedlikehald av fotbalbanen og rund grendahuset.

Prisliste for utleie – avtale om vasking (evt. Straffegebyr ved dårlig vasking).

Kjøpe bålpanne til å ha oppe ved fotballbanen.

Som vedtekene seier kan årsmøtet behandle alle saker også utanom saklista, 

dersom 3/4 av dei frammøtte krev det. 

Det blir servert kaffi og kake. 

Det er fint om dei som kan tenke seg eit verv, vil vere med å organisere dei ulike arrangementa eller ynsjer å bidra på andre måter gjer beskjed til styret. Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i nemnder, må gje beskjed til nokon i styret innan 10.2.

Håpar me sjast!

Helsing styret i Tuppeskogen Vel 

Anne Åsarmoen               Tlf. 99361829 

Tore Smedstad                 Tlf. 91121846 

Cathrine Helene Myhre  Tlf. 46195553 

Ingebjørg Roset                Tlf. 47848242 

Styret sitt utkast til årsmelding: 

Det er 53 vaksne, 22 barn og 6 støttemedlemar på medlemslista. 

Huset har vore leigd ut 13 gonger mot betaling. Det har og vorte nytta til 4H arrangement og nokre møter gratis.  To lagerboder er ledige og utleigeleilegheiten er leigde ut. 

Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.

Fotballbanen har vore i noko organisert bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og ryddet forefallende.  

Det var dugnad i mai. Vasking og rydding av forefallende ute og inne. Bra oppmøte frå fleire generasjonar, vafflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi vere reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar. Men gode tilbakemeldingar frå deltakarane gjer at med sett opp to nye runder dette året. Strikkekveld vart arrangert 3 kveldar i haust. Året vart av slutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.

Årsmøte 21.02.2024 i Tuppeskogen vel

Tilstades: Ingebjørg, Cathrine og Tore.

Servering av kaffe, skulebrød og marsipankake.

Sak 1: Val av møteleiar og referent: Ingebjørg

Sak 2: Godkjenning av saksliste og innkalling.

Sak 3: Årsmelding godkjent.

Sak 4: Regnskap. Det er revidert av Marit Øynebråten, godkjent av årsmøtet. Styret kommenterte at basaren gjer godt overskudd og at det er hensiktsmessig å søke på strømstøtte.

Sak 5: Vedtektene er utan endring frå i fjor.

Sak 6: Aktivitetsplan. Det kom forlag om påskeaktivitet med oppstart neste år. Ein sosial samling for små og store der det for eksempel kan vere rebus, 0-løp, påskeeggjakt og grilling av pølser. Styret tek dette med til neste års planlegging.

Dei faste aktivitetane, Dugnad torsdag 2. mai kl. 17, basar 13. oktober kl 13, Aktivitetskveld 1. desember kl 17 står som før.

Sak 7: Val

Styret: Ingebjørg og Tore held fram som styremedlemmar. Cathrine og Anne deler kasserervervet. Vi ynskjer nye velkommen inn i styret!

Valnemd: Embrik

Husnemd: Detleif

Utleige: Anne

Revisor: Marit Øynebråten

Andre nemder: Christina ny inn i basarnemd i haust. Jorunn held fram. Elles er det ingen som har meldt seg eller sagt frå om at dei ikkje ynskjer å vere med videre i år.

Sak 8: Eventuelt. Ingen meldte sakar.

Referent: Ingebjørg Roset

Referat årsmøte 22.22023

1: Val av møteleiar og referent: Embrik Rudningen

2: Innkalling og sakliste: Godkjent

3: Vedtektene lest opp av Embrik: Samrøystes vedteke utan endringar.

4: Årsmelding: Styret sitt forslag vart samrøystes vedteke.

5: Innspel til aktivitetsplan: Styret sitt forslag vart samrøystes vedteke. Årsmøtet oppmodar styret til kontakte Rotneim grendalag om evt felles plan eller enkeltarrangement.

6: Rekneskap ved Anne, delt ut og gjennomgått, revidert av Marit Øynebråten. Samrøystes godkjent.

7: Val:

Basarnemnd: Jorunn og Gro Anita attvald til basarnemnd. Treng ein ny person for opplæring. Styret må oppfordre folk til å melde seg og evt rekruttere nokon i god tid før basaren.

Valnemnd: Embrik, samrøystes

Husnemnd: Detlef, samrøystes attvald

Revisor: Marit, samrøystes attvald

Styret: Samrøystes attval på Cathrine, Anne og Tore. Embrik går ut av styret, Ingebjørg Roset samrøysets vald inn i styret. Ho tek på seg å vera oppførd som leiar i Brønnøysundregisteret, men styret held fram praksis med delt leiarskap.

8: Kontigentar: 100 for enkeltmedlem, 300 for familie.

9: Eventuelt:

Årsmøtet i Tuppeskogen vel ser med bekymring på situasjonen for mjuke trafikantar langs Tuppeskogvegen. Vegen er smal, har ikkje gatelys langs heile og det blir køyrd fort. Forslag om å setje ned farten frå høvesvis 50 og 60 til 40 og 50 og ha fartsdemparar der det no er 50. Som ein start skal styret yundersøkje med dei som allereie har gjort noko i denne saken.