Årsmelding 2015

ÅRSMELDING 2015 FOR TUPPESKOGEN VEL

Styret:

Ivar R. Haugstad Leiar og skrivar

Embrik Rudningen Styremedlem og utleigeansvarleg

Anne Åsarmoen Kasserar

Kristina Eidsberget Styremedlem

Erland Slaatto Styremedlem

Nemnder:

Basarnemnd Gro Anita Ødelien

Kirsti Fløystad

Husnemnd Trygve Lono

Detlef Kita

Embrik Rudningen

Kjøkkennemnd Evy Kristiansen

Tilkalling til kjøkkennemnd Eli Eidsberget

Bodil Sortebråten

Jorunn Knaldre

Arnhild Dokken

Valnemnd Styret

Revisor Liv Irene Halden

Styremøter

Det er halde eitt styremøte. Det har vore nært samarbeid med Rotneim grendelag om ulike arrangement. Samarbeidet fungerer svært bra, og vil bli vidareført.

Medlemstal

Medlemstalet i 2015 har vore 168 personar (101 i 2014).

Utleie

Huset har vore leigd ut 16 gonger til ulike tilstellingar. Politiet har lånt huset til fleire rundar med beredskapsøving. Austenden av huset blir stadig leigd ut til bustad. Alle åtte lagerlokala i andre etasje er òg leigde ut.

Regnskap og økonomi

I 2015 gikk regnskapet i overskot (ca. kr 13 000). Velet har god økonomi.

Bruk av fortballbanen

Kvar tysdag i mai, juni og september har det vore fotballtrening for ungar i nærområdet i regi av Skaga RTG. Graset er slått og det er rydda småskog rundt fotballbanen.

Turstigar

Tuppeskogen Vel har avtale med Gol kommune om vedlikehald av turstigar. Dette er turstigar på Skaraåsen og på Tuppeskogen mot byggefelta i aust (Nedre Tuppeskogen og Vesterhuset). Samla lengde på stigane er 23 km. Det er i haust satt opp til saman 113 skilt. Materialar blir dekka av Gjensidige-stiftelsen og Gol kommune. Det er i 2015 rydda 6,5 km med stigar. Dette blir godtgjort med kr. 200 pr. km frå kommunen. Planen for 2016 er å rydde noko meir og å merke alle stigane.

AKTIVITETER 2015

Aking ned Skaraåsvegen 16. januar (fellesarrangement med Rotneim)

Det var 35 som deltok på akinga, og det vart tre turar.

Filmkveld 8. februar (fellesarrangement med Rotneim)

I grendesalen på Rotneim. Om lag 10 barn til stades.

Solfest 7. mars (fellesarrangement med Rotneim)

På grendehuset vårt. Om lag 50 deltakarar. Det vart servert spekemat frå Solstad. Levande dansemusikk. Eit trivelig lag som samla fleire generasjonar.

Dugnad 28. april

Brukbart oppmøte. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med kaffi og vaflar.

St. Hans feiring 23. juni (fellesarrangement med Rotneim)

Ved elva på Roen. Bra oppmøte på tross av noko nedbør. Grilling, natursti, hesteskokasting og bål.

Hausttur 12. september (fellesarrangement med Rotneim)

Turen gikk på Nystølsfjellet. Det var dårleg vær så me held uss på stigar i skogen. Det var om lag 13 som gikk turen.

Basar 11. oktober

Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, kaffi og kaker. Det var full sal og stor spenning under åresalget og trekkinga av gevinstar frå listene. Medlemmene er flinke til å bidra med utfylling av lister og innlevering av gevinstar.

Filmkveld 8. november (fellesarrangement med Rotneim)

I grendesalen på Rotneim. Om lag 10 barn til stades.

Aktivitetskveld 20. november (fellesarrangement med Rotneim)

Alle fekk servert graut. Det vart snekra, måla, klypt og limt forskjellig ting som kunne gis bort i julegåve.

Julegrantenning 1. desember (fellesarrangement med Rotneim)

På Rotneim. Det møtte om lag 15 personar.

Juletrefest 28. desember (arrangert av Rotneim)

I Rotneim grendesal. Om lag 20 barn sto for underhaldninga med skodespel, song og dans. Kaffi og kaker og åresalg med gevinstar. Gang rundt juletreet, og julenissen kom med gåver til borna. Det var om lag 80 personar på juletrefesten.

Springarkurs

Tomas Stensgård har halde springarkurs.

Linedans

Ein gjeng damer møtest måndagar til sosialt samvær og trim.

Snikkarbua

Ein gjeng karar møtest onsdagar til sosialt samvær med lagging, knivlaging mm.

Takk til alle som har bidrege med tilrettelegging på dei ulike aktivitetane og for frammøte frå medlemmane.

Styret.