Årsmelding 2011

ÅRSMELDING FOR TUPPESKOGEN VELÅR 2011

Det var 123 betalande medlemmar i 2011. I tillegg er det en del ungar som er medlemmar i laget utan å betale medlemskontingent.

Styret har vore samansett slik:Nina Stensgård    formannEmbrik Rudningen    styremedlem/utleigeansvarlegIvar Haugstad   styremedlemKirsten Turhus    kasserarHeidi Løvdokken    skrivarVaramedlem Erland Slaatto    Uteaktivitetar Roger Sandvik    Ivar Haugstad    Inneaktivitetar Arnhild Dokken    Jorunn Knaldre    Husansvarleg    Ragnar Haugstad    Reidar Knaldre    Kjøkkennemnd Grethe Rudningen    Tilkalling kjøkkennemnd Randi Flatland    Synnøve Sortebråten    Eli Eidsberget    Valnemnd Anne Åsarmoen    Randi Søgnen    Revisor Liv Irene Halden

Me har hatt 4 styremøte og det har vore 16 sakar til behandling.På fyrste styremøte, 10. mars 2011, konstituerte det nye styret seg.  Årsplanen vart utarbeidd i grove trekk, og den har stort sett vorte halden.

Sundag 27. mars var det skirenn på NarvesetDet var 21 stk som deltok på skirennet, derav 8 ungar. Vinnarar vart Andrea Stensgård Opheim og Helene Berntsen. Alle, både vaksne og ungar, fekk premie. Det vart servert grilla pølser, lappar, saft og kaffi.Den 2. mai var det dugnad.Mange hadde møtt fram for å gjera ein innsats i velet. Inne vart det vaska både vegger og golv, og ute var det mange som deltok i raking av store mengder lauv. Dugnaden vart avslutta med hyggeleg samver der det vart servert vaflar og saft/kaffi.

Sundag 5. september var det hausttur.Ca 17 stk deltok på haustturen. Start og mål på Turhusvollen. Alle gjekk ruta Turhusvollen-Nystølen-Veslestølen (Feten)- Turhusvollen. Dei fleste vart rimeleg blaute i regnet før dei kom seg i hus. Då smaka det godt med pølser og sjokoladekake.

Sundag 10. oktober var det basar.Ca 70 personar kom innom på basaren. Mange lister hadde vorte fylt ut, og mange gevinstar skulle trekkast denne dagen. Fleire nytta høvet til å kjøpe seg småmat, og elles kaffi og kaker til dessert. Ungane kunne få testa balansen sin ute på ei snor, og spele biljard inne. Det vart også åresalg, og totalt kom det inn 20 987,- kr på basaren dette året.

Sundag 30. oktober var det æresfest.Alle som gjorde eit arbeid, eller deltok i dugnader og festlege lag, dei fyrste åra Tuppeskogen Vel eksisterte, hadde fått ein personleg invitasjon til festen. Dei fekk servert god mat frå “Tamt og vilt” i Hemsedal og hadde ei koseleg stund i lag på grendahuset denne ettermiddagen.

Laurdag 12. november var det førjulsfest på grendahusetFesten vart arrangert i samarbeid med Rotneim grendalag, og ca 48 stk deltok. Det vart servert velkomstdrink og spikjimat med 1 drikke.  ”Møltetjuvan” spelte opp til dans, og det vart ein triveleg fest som vara til langt på natt.

Sundag 27. november var det aktivitetskveld/førjulsfest.21 ungar og 17 vaksne hadde møtt fram på aktivitetskvelden. Det vart fyrst servert nissegraut med raud saft. 3 heldige vinnarar fann mandelen, og fekk kvar sin marsipangris. Ungane fekk prøve seg på å lage julepynt, på bollebaking, vaffelsteiking og på å snikre sverd og båtar. Det var stor aktivitet i alle rom. Så vart det tenning av julegrana ute, og sang og gang rundt juletreet. Kvelden vart avslutta med at nissen kom på besøk med gåve til ungane.

MELDINGAR FRÅ STYRET:Tilskot og gåve:Grendalaget har fått inn 3 300,- kr i kommunalt tilskot dette året. Me har også motteke kr 1 000,- i gåve frå Sparebank 1. Utleige:I tillegg til Ditlef Kita er det sju personar som leiger fast lagerplass i andre etasje. Hallingdal Swingklubb er ein viktig leigetakar som brukar grendahuset nesten kvar torsdagskveld utanom sommarferien. I tillegg har huset vorte leigd ut til ulike tilstelningar 15 gonger i løpet av 2011.Som tidlegare, swingkurs på torsdagane og linedancegruppa har dansa på måndagane (ca 23 stk har vore med). Snikkerverkstaden har også vore i drift på onsdagskveldane.

Takk for året som har gått!Tuppeskogen, 01.02.2012.