Årsmelding 2010

ÅRSMELDING FOR TUPPESKOGEN VEL

ÅR 2010

 

Medlemstalet i året 2010 er 105 personar. I tillegg er det ein del ungar som er medlemmer i laget utan å betale medlemskontingent.

 

 

Styret har vore samansett slik:

Nina Stensgård formann

Embrik Rudningen styremedlem/utleigeansvarleg

Synnøve Sortebråten    styremedlem

Kirsten Turhus                kasserar

Heidi Løvdokken            skrivar

 

Varamedlem Erland Slaatto

 

Uteaktivitetar Roger Sandvik

Ivar Haugstad

 

Inneaktivitetar                                                     Arnhild Dokken

Oline Bråten

 

Husansvarleg                                                     Ragnar Haugstad

Reidar Knaldre

 

Kjøkkennemnd                                                   Marit Øynebråten

Arne Øynebråten

 

Tilkalling kjøkkennemnd                                  Grethe Rudningen

Randi Flatland

 

Valnemnd                                                            Grethe Rudningen

Anne Åsarmoen

 

Revisor Liv Irene Halden

 

Det er halde 6 styremøter og det har vore 33 saker til handsaming.

 

På fyrste styremøte, 25. februar 2010, var det konstituering av styret. Aktivitetar for året vart diskutert, og årsplanen vart utarbeida i grove trekk.

 

ÅRSPLAN FOR 2010

MARS 25. Skirenn og aking

APRIL 17. Vårfest

MAI 4. Dugnad

SEPTEMBER 5. Hausttur

OKTOBER 10. Basar

NOVEMBER 23. Aktivitetskveld for borna

DESEMBER 28. Juletrefest

JANUAR 8. Bukkefest

Årsplanen har hatt endringar. Juletrefesten vart framskunda ein dag, for ikkje å kollidere med den planlagde juletrefesten til Rotneim grendalag. Bukkefesten vart avlyst pga for få påmelde innan fristen.

 

SKIRENN OG AKING, torsdag 25. mars.

Det var ein grå dag med tåke og nokre regndropar i lufta då rennet starta, men store og små kosa seg likevel i skisporet denne ettermiddagen. Det var køyrt opp ei kort løype for dei minste, og ei noko lengre løype for dei vaksne. Det var 15 stk som deltok på skirennet, derav 7 ungar. Vinnar vart Reidar Knaldre, og dermed den fyrste som fekk napp i den nye vandrepokalen. Alle, både voksne og ungar, fekk premie, pokal til ungane og termokopp til dei vaksne. Roger Syversrudengen stod for tidtakinga og Embrik Rudningen stod for grillinga. Me fekk servert varm saft og grilla pølser.

 

VÅRFEST, laurdag 17. april.

73 stk hadde påmeldt seg på til festen. Me fekk velkomstdrink og spekemat med 1 drikke. Så vart dansegolvet rydda og ”Møltetjuvan” spelte opp til dans. Det var kjempefin dansemusikk, og dansegolvet vart derfor fylt opp av danseglade folk med ein gong. Alle kosa seg, stemningen var upåklageleg og bandet spelte til ca kl 02:30. Då rusla dei fleste heimatt, vel nøgde med ein triveleg kveld i lag med vener og kjende.

 

DUGNAD, 4. mai. Dugnaden vart avvikla som vanleg i mai. Mange hadde møtt fram for å gjere ein innsats i velet. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med ei triveleg kaffipause.

 

HAUSTTUR, sundag 5. september.

Dette vart ein fin tur i eit strålande fint haustver. Det var ca 20 vaksne og 15 ungar med på turen opp til Tjuvkjellaren. Ivar orienterte kort om bakgrunnen for namnet, og så vart det høve til å gå inn i hola i fjellet og sjå korleis det såg ut der for alle som hadde lyst til det. Vel nede på folkemuseet att fekk me ei grundig innføring i hovslagaryrket av Arne Horge. Så vart det servert pølser og saft, kaffi og kaker til dei frammøtte. Ungane fekk prøve seg på hesteryggen, og så vart det høve til å prøve å klatre inne i garasjen på Skaga på klatreveggane der. Det vart ein stor suksess for dei frammøtte. Alle var enige om at det hadde vore ein triveleg dag.

 

BASAR, sundag 10. oktober.

Sundag 10. oktober 2010 hadde Tuppeskogen vel sin årlege basar på Grendahuset. Det hadde kome inn mange fine gåver til gevinstbordet. I tillegg til dei gevinstane grendalaget hadde kjøpt inn, vart det totalt 75 gevinstar som skulle trekkjast ut til heldige vinnarar. Heile 70 lister vart fylt ut.

Det vart ein triveleg dag på grendahuset denne sundagen. Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, og ellers kaffi og kaker til dessert. Ungane fekk prøve seg i fiskedammen både ein og to og tre gonger, og elles fekk dei høve til å teste balansen på ei snor ute.

Det vart også åresal, heile to gonger. Det var stor rift om å få kjøpt dei populære ’pinnane’ og spenningen var stor då trekningen gjekk føre seg.

Totalt kom det inn over 20 000,- kr på basaren dette året, noke me er godt nøgde med.

 

AKTIVITETSKVELD FOR BORNA, tysdag 23. november.

Ca 20 ungar pluss endå fleira vaksne hadde møtt fram på aktivitetskvelden. Ungane fekk prøve seg på å lage julepynt, på bollebaking og på å lage fuglekasser. Det var stor aktivitet i alle rom, og kvelden vart avslutta med vaflar og saft/kaffe.

 

JULETREFEST, måndag 27. desember.

Fyrst fekk vi servert risengrynsgraut med raud saft. Det var 3 mandlar gøymt i grauten, og spenninga var stor for å sjå kven som var så heldige å få en marsipangris denne gongen. Så kosa vi oss med kaffe og kaker og småprat ved borda. Dei fleste ungane nytta høvet til å kvitte seg med litt oppsamla energi ved å springe fram og tilbake i gangen. Så var det tida for sang og gang rundt juletreet, og til slutt høgdepunktet; nissen med gåver til borna. Det var ca 28 stk som deltok på juletrefesten dette året.

 

BUKKEFEST, planlagt laurdag 8. januar 2011. Denne vart dessverre avlyst pga for få påmelde.

 

MELDINGAR FRÅ STYRET.

Grendalaget har fått inn 3 300,- kr i kommunalt tilskot dette året. Det har vore 31 utleiger i 2010. Som tidlegare, swingkurs på torsdagane og linedancegruppa har dansa på måndagane (ca 12 stk har vore med). Snikkerverkstaden har også vore i drift på onsdagskveldane (9-10 stk har delteke).

 

Takk for året som har gått!

 

Tuppeskogen, 23.02.2011.