Årsmelding 2017

ÅRSMELDING 2017 FOR TUPPESKOGEN VEL

Styret:

Ivar R. Haugstad Leiar og skrivar

Embrik Rudningen Styremedlem og utleigeansvarleg

Anne Åsarmoen Kasserar

Elin Berget Styremedlem

Tore Smedstad Styremedlem

Nemnder:

Basarnemnd Gro Anita Ødelien

Jorun Knaldre

Husnemnd Detlef Kita

Embrik Rudningen

Tilkalling til kjøkkennemnd Eli Eidsberget

Bodil Sortebråten

Arnhild Dokken

Valnemnd Styret

Revisor Liv Irene Halden

Styremøter

Det er halde eitt styremøte. Det er eit godt samarbeid med Rotneim grendelag om ulike arrangement.

Medlemstal

Medlemstalet i 2017 har vore 120 personar (160 i 2016).

Utleie

Huset har vore leigd ut 14 gonger til ulike tilstellingar. Austenden av huset blir stadig leigd ut til bustad. Alle åtte lagerlokala i andre etasje er òg leigde ut.

Tiltak på grendehuset

Det er kjøpt nytt kjøleskap og 42 stolar.

Regnskap og økonomi

I 2017 gikk regnskapet om lag kr 3800 i underskot. Velet har god økonomi.

Bruk av fortballbanen

Kvar tysdag i mai, juni og september har det vore fotballtrening for ungar i nærområdet i regi av Skaga RTG. Det er satt opp nytt ballnett langs banen.

Turstigar

Tuppeskogen Vel har ansvar for vedlikehald av turstigar på Skaraåsen og på Tuppeskogen mot byggefelta i aust. Samla lengde på stigane er om lag 25 km. Det er i 2017 rydda 12 km med stigar, alle stigane er i år merka med måling og det er lagt ut klopper i nokre blaute myrer.

AKTIVITETER 2017

Aking ned Skaraåsvegen 27. januar (fellesarrangement med Rotneim)

Avlyst på grunn av dårlig føre.

Dugnad 3. mai

Bra oppmøte. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med kaffi og vaflar.

Bakstekurs 9. og 10. juni (fellesarrangement med Rotneim)

Avlyst på grunn av for liten påmelding

St. Hans feiring 23. juni (fellesarrangement med Rotneim)

Ved elva på Roen. Bra oppmøte og god stemning. Grilling, natursti, hesteskokasting og bål.

Hausttur 1. oktober (fellesarrangement med Rotneim)

Avlyst på grunn av tett tåke.

Basar 22. oktober

Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, kaffi og kaker. Det var full sal og stor spenning under åresalget og trekkinga av gevinstar frå listene. Medlemmene er flinke til å bidra med utfylling av lister og innlevering av gevinstar.

Aktivitetskveld 24. november (fellesarrangement med Rotneim)

Alle fekk servert graut. Det vart snekra, måla, klypt og limt forskjellig ting som kunne gis bort i julegåve. Om lag 25 born deltok.

Julegrantenning 3. desember (fellesarrangement med Rotneim)

På Rotneim. Dårlig oppmøte.

Juletrefest 28. desember (arrangert av Rotneim)

I Rotneim grendesal. Kaffi og kaker og åresalg med gevinstar. Allsong, gang rundt juletreet, og julenissen kom med gåver til borna. Det var om lag 50 personar på juletrefesten.

Springarkurs

Tomas Stensgård har halde springarkurs.

Linedans

Ein gjeng damer møtest måndagar til sosialt samvær og trim.

Snikkarbua

Ein gjeng karar møtest onsdagar til sosialt samvær med lagging, knivlaging mm.

Takk til alle som har bidrege med tilrettelegging på dei ulike aktivitetane og for frammøte frå medlemmane.

Styret.