ÅRSMELDING 2016 FOR TUPPESKOGEN VEL
Styret:
Ivar R. Haugstad Leiar og skrivar
Embrik Rudningen Styremedlem og utleigeansvarleg
Anne Åsarmoen Kasserar
Kristina Eidsberget Styremedlem
Tore Smedstad Styremedlem
Nemnder:
Basarnemnd Gro Anita Ødelien
Kirsti Fløystad
Husnemnd Detlef Kita
Embrik Rudningen
Tilkalling til kjøkkennemnd Eli Eidsberget
Bodil Sortebråten
Jorunn Knaldre
Arnhild Dokken
Valnemnd Styret
Revisor Liv Irene Halden
Styremøter
Det er halde eitt styremøte. Det har vore nært samarbeid med Rotneim grendelag om ulike arrangement. Samarbeidet fungerer svært bra, og vil bli vidareført.
Medlemstal
Medlemstalet i 2016 har vore 160 personar (168 i 2015).
Utleie
Huset har vore leigd ut 13 gonger til ulike tilstellingar. Austenden av huset blir stadig leigd ut til bustad. Alle åtte lagerlokala i andre etasje er òg leigde ut.
Tiltak på grendehuset
Det er skifta gardiner i grendesalen.
Regnskap og økonomi
I 2016 gikk regnskapet ca. kr 3000 i underskot, men det var ikkje kravd inn leige for lagerlokala i andre etasje. Velet har god økonomi.
Bruk av fortballbanen
Kvar tysdag i mai, juni og september har det vore fotballtrening for ungar i nærområdet i regi av Skaga RTG. I tillegg har det vore lag frå Gol idrettslag som har lånt banen. I sesongen blir graset slått.
Turstigar
Tuppeskogen Vel har ansvar for vedlikehald av turstigar på Skaraåsen og på Tuppeskogen mot byggefelta i aust. Samla lengde på stigane er 23 km. Det er i 2016 rydda 10 km med stigar, og det er satt opp kartskilt i stigkryss på Skaraåsen. Planen for 2016 er å rydde noko meir og å merke alle stigane med måling.
AKTIVITETER 2016
Aking ned Skaraåsvegen 15. januar (fellesarrangement med Rotneim)
Det var ca. 30 som deltok på akinga, og det var moro for små og store.
Solfest 13. februar (fellesarrangement med Rotneim)
På grendehuset vårt. I underkant av 50 deltakarar. Det vart servert spekemat frå Solstad. Levande dansemusikk. Eit trivelig lag som samla fleire generasjonar. Det var tungt å få nok deltakarar. Difor er det ikkje lagt opp til at det blir solfest i 2017.
Dugnad 27. april
Brukbart oppmøte. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med kaffi og vaflar.
St. Hans feiring 23. juni (fellesarrangement med Rotneim)
Ved elva på Roen. Bra oppmøte og god stemning. Grilling, natursti, hesteskokasting og bål.
Hausttur 11. september (fellesarrangement med Rotneim)
Den planlagde turen vart avlyst, og erstatta av deltaking i leitinga etter Olav Haugstad.
Basar 16. oktober
Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, kaffi og kaker. Det var full sal og stor spenning under åresalget og trekkinga av gevinstar frå listene. Medlemmene er flinke til å bidra med utfylling av lister og innlevering av gevinstar.
Bakstekurs 10. og 11. november
Aud Ellinor Skrindo-Tveito held bakstekurs for to grupper på 10 personar. Deltakarane var veldig tilfredse med eigne produkt, og læraren var flink.
Aktivitetskveld 18. november (fellesarrangement med Rotneim)
Alle fekk servert graut. Det vart snekra, måla, klypt og limt forskjellig ting som kunne gis bort i julegåve. Om lag 25 born deltok.
Julegrantenning 28. november (fellesarrangement med Rotneim)
På Rotneim. Det møtte om lag 20 personar. Samvære i grendesalen etterpå.
Juletrefest 28. desember (arrangert av Rotneim)
I Rotneim grendesal. Kaffi og kaker og åresalg med gevinstar. Allsong, gang rundt juletreet, og julenissen kom med gåver til borna. Det var om lag 70 personar på juletrefesten.
Springarkurs
Tomas Stensgård har halde springarkurs.
Linedans
Ein gjeng damer møtest måndagar til sosialt samvær og trim.
Snikkarbua
Ein gjeng karar møtest onsdagar til sosialt samvær med lagging, knivlaging mm. Det er plass til fleire deltakarar.
Takk til alle som har bidrege med tilrettelegging på dei ulike aktivitetane og for frammøte frå medlemmane.
Styret.